26.okt.2010

No er det ikkje lenge igjen til Celine får sine søte små :-) Er på dag 54 i dag :-) Ho byrjer å få ein liten mage og har lagt på seg 800 gram, så eg tipper 3 kattungar. Akkurat passe sidan det er fyrtse kullet til Celine :-) Eg gler meg, men er litt nervøs og spent kjenner eg. Har ikkje hatt kattungar på ei stund no.

Blossom er og drektig og er i veke 5 no. Ho har allerede byrja å få litt mage, så eg trur det er fleire der enn hjå Celine. Spanande :-)) Sjølv om dette var eit kull som ikkje var heilt planlagt, så er Cayenne ein perfekt hankatt til Blossom. Ho treng hans størrelse :-) Blir spanande å sjå ho gøymer i sin mage :-)
Mine 2 hankattar venter og kull hjå Micadelia`s :-) Det er me veldig spent på, og gler oss til dei søte små kjem. Meir informasjon finn dere på heimesida til Rita : http://www.micandelia.com/index.htm


:-) :-)



